Komfortabel i ny offshore kvardag – Vestlandsnytt

Som sjef i Remøy Group kjenner Karl Johan Bakken seg nok meir komfortabel med situasjonen enn dei fleste av kollegane sine i offshorenæringa. Og det har han god grunn til.

I Remøy Group dreier det seg for tida om å styrke bemannninga, og finne folk som kan vere med på å administrere ein stadig aukande flåte. Når det gjeld den finansielle situasjonen til selskapet, kjennest også den betryggande med det som har vore gjort av tiltak dei siste par åra, i samråd med långivarane.

Utan tap for eigarane

Bakken kan dermed sjå fram til at når refinansieringsperioden er over, vil selskapet vere kome ned på ein gjeldssituasjon som vil kjennast komfortabel. Og det ikkje minst gledelege:

– Det vi har gjort av avtalar og tiltak gjer at vi vil greie å kome oss gjennom krisa utan at eigarane våre mista noko av det dei hadde før krisa tok til, slår Bakken fast.

Teknisk: Adm. dir. Bakken ein tur innom teknisk sjef Andre Søvik.

Eit godt utgangspunkt

Då krisa kom sat Remøy Group med eit fåtal nye båtar, som var bygde på langsiktige kontraktar. Selskapet hadde dermed eit mykje betre utgangs-
punkt enn mange andre i næringa til å kome seg gjennom det trøblete fartvatnet som blei skapt då krisa drog proppen ut av offshoremarknaden.
Bakken viser til at desse nybygga dermed kunne gå i arbeid med inntekter som stod seg godt i samanlikning med det nye ratenivået som krisa etablerte.

– Langsiktigheit og stabilitet har vore ein kjend strategi i dette reiarlaget heilt frå starten av, påpeikar han.

Miljøsatsing med oppsiktsvekkjande resultat

Mellom tiltaka som Bakken siktar til, er ikkje minst den spenstig miljøsatsinga som Remøy Group er i mål med etter ein hektisk investeringsperiode. Satsinga til nesten 100 millionar kroner har resultert i at selskapet sine tre sjølveigde båtar i dag er mykje betre på forureining og utslepp, og kan vise til oppsiktsvekkjande resultat.

– Om det har kosta dyrt, har det gitt oss ein flåte som kan vere attraktive i marknaden over lengre tid, seier Bakken.
Kort oppsummert er det installert hybridanlegg og batteripakkar på både Rem Eir, Rem Hrist og Rem Mist. På Rem Eir er det i tillegg gjort investeringar i LNG-drift, og som eit tredje tiltak har alle tre båtane fått installert eit nyutvikla dataverktøy som hjelper til med å velje dei mest optimale driftsformene på båtane.

Operasjon: Rune Kopperstad er operasjonssjef.

Viktig læring

– Her har vi fått oss eit fantastisk verktøy som også gir nyttig lærdom med at vi kan gå tilbake i tid og måle resultatet av dei vala vi har gjort. Dette skaper viktig læring i måten mannskapet opererer båtane våre på, seier Bakken.

Ann Karin Nærø jobbar som assisterande mannskapssjef.

Veldig sterke tal

Bakken kan legge fram reknestykke som viser at med desse tiltaka har dei greidd å redusere CO2-utsleppet frå desse båtane med nesten førti prosent.

– Dette er veldig sterke tal som viser at forventingane vi hadde til miljøinvesteringane er innfridde, og vel så det, seier han.
Bakken seier at for deira del blir miljøsatsinga sett på som eit viktig kort i kampen om kontraktane i ein marknad som enda ikkje er friskmeld.

Ein annan drivar er målsettinga til Rederiforbundet om at denne næringa skal bli ei nullutslepps-næring innan 2050.

– Om denne målsettinga kanskje blei rekna for å vere i overkant ambisiøs, kan vi i etterkant sjå at dette var ei klok beslutning som gir oss eit mål å strebe etter.
Sjølv om det framleis er ein lang veg å gå, er Bakken optimist med tanke på at målsettinga kan nåast gjennom å ta i bruk stadig ny teknolgi, og teknologi som enno ikkje er utvikla.

Finans: Vegard Fiksdal styrer finansane i Remøy Group.

Aukar aktiviteten

Behovet for å styrke administrasjonen kjem ikkje minst som følgje av at Remøy Group i løpet av det siste året er tildelt driftsansvaret for ytterlegare to PSV-ar frå Hermitage Offshore Services (tidlegare NAO – North American Offshore. Med desse i tillegg skal til saman åtte «Hermitage»-båtar drivast frå Fosnavåg. Ein av NAO-båtane skal flaggast inn til NOR i løpet av mars. Talet på seglande sjøfolk som Remøy Group har ansvaret for ligg på rundt 350 medrekna dei to nye båtane. Etter dette vil Remøy Group drifte ein flåte på til saman 14 fartøy fordelt på fire sjølveigde og ti fartøy til eksterne eigarar. Flåten fordeler seg på 11 plattform supplyskip, eitt marinefartøy (sjølveigd), eitt havforskingsfartøy og eitt fartøy innafor seismikk. Samtlege fartøy er i drift etter at også dei tre NAO-båtane som låg inne ein kortare periode er komne i arbeid igjen.

– For havforskingsfartøyet H. U. Sverdrup II fekk vi også nyleg forlenga driftsansvaret med to år fram til utgangen av juni 2022, på ein kontrakt som også har opsjonar vidare, seier Bakken.

Mannskap: Mannskapssjef Britt Ytrebø har ansvaret for 350 seglande sjøfolk etter at Remøy Group no har fått to nye «Hermitage»-båtar inn i flåten.

Styrkar staben

Bakken seier at med nytilsettingane som no skal gjerast vil kontora i Vågsgata bli arbeidsplassen til totalt 18 personar. Ein slik stab vil skape ei robust plattform og gi eit enda betre grunnlag å bygge drifta på. Nytilsettingane skal kome innafor innkjøp og operasjon, samt på økonomi. Til saman dreiar det seg om fire nytilsettingar, der to skal erstatte folk som går ut. Mellom anna har kaptein Roger Smådal fått lyst til å prøve seg på sjøen igjen etter fleire år som befraktingssjef ved kontoret i Fosnavåg.

Sjøfolk: Kaptein Roger Smådal t.v. har fått lyst til å prøve sjølivet igjen etter fleire år som befraktingssjef i Remøy Group. Her saman med Ole Petter Nygjerde, som har gått på land for ein kortare periode og skal hjelpe til med konkrete oppgåver på kontoret.

Tilbake til røtene

For sjefen sjølv har overgangen frå Farstad til Remøy Shipping vore som å kome ned på jorda etter fleire år som leiar av eit stort internasjonalt konsern med fokus på ytre rammebetingelsar og strategi. Han vil difor ikkje nekte for at overgangen til eit kjernereiarlag i Fosnavåg kan kjennast stor.

– Det er to ulike divisjonar vi snakkar om, seier han.
Bakken si fartstid i Farstad starta i 1999 med ansvar for drift og marknad fram til 2006. Då tok han over som adm. direktør etter Terje Andersen, og sat fram til Farstad blei kjøpt av Røkke og Fredriksen i same pakken som Solstad.

– Ja, eg har fått ein ny kvardag, men for meg har det vore heilt greitt å kome tilbake til røtene og få høve til å jobbe nærare grasrota i reiarlaget.
Men ei likheit mellom Farstad og Remøy vil han trekke fram:

– Eg hadde mange kjekke og flinke folk rundt meg i Ålesund. Og det har eg jammen fått her i Fosnavåg også.